Seljord Hotell anno 1857

Midt i hjertet av Telemark ligger Seljord, Sjøormens rike, som et glimrende utgangspunkt for gode opplevelser i hele Telemark. E134 går gjennom bygda, og Seljord er et naturlig knutepunkt mellom Øst- og Vestlandet.

Seljord Hotell har tradisjoner tilbake til 1857. Fra denne tiden og frem til i dag har hotellet fungert som skysstasjon, husmorskole, gjestgiveri og hotell. I dag er trehotellet renovert i sin originale sveitserstil og har et hjemmekoselig og historisk preg med god atmosfære.

Hotellet har spisesal med plass til 70 personer. 18 dobbeltrom og 3 nyoppussede familie rom, som har hvert sitt historiske navn. To moderne møterom, og ett mindre møterom med tradisjonell innredning. Felles oppholdsrom som bibliotek og daglig stue.

Glimt frå soga om Seljord Hotell

I 1860 åri fekk Olav Hoff frå Kongsberg løyve til å drive landhandel på Utbøn i Seljord. Han var det som også bygde Seljord Hotell på same staden, og var ikkje snauare enn han averterte med fylgjande:
«Udmerket anledning til bjørnejakt, samt at sterke stormer med lyn og torden sjelden forekommer».

Hoff selde hotellet og landhandelen til Trond Vale får Valebø. Vale var ein av dei første som nytta lokale kunstnarane til å underhalde gjestene på hotellet, og var såleis langt føre si tid.
Etter nokre år selde Vale hotellet og landhandelen til Gregert Lindstøl. Han stod for drifta i mange år, men omkring 1920 selde han hotellet til Halvor og Bjørn Lien frå Svartdal, men heldt att landhandelen.

I 1925 laga Einar Tufte eit hefte med tanke på å få ferdafolk til å stoppe i bygdi. Heftet fekk tittelen. « Til Seljord», og innleiinga skriv han slik:

«Norge er et fattig land»
Dette ordsprok er norsk, og det er vi nordmenn som staar bak ordene. Kven er det som har skapt denne glose? Er det våre fædre? Er det den game tradisjon? Nei. Det er civilisasjonene, og det er landets natur som skal være så fattig. Det er den nakne, verhårde fjellknause som ikke vil bli fabrikk-tomt, det er den evige drømmende og selvstendige høyfjellsvidda som ikkje har muligheter utenom sig sjølv, – og det er den ville, stupbratte natur som protesterer mot enhver innblanding. Det står en strid mellem civilisasjonen i dag og landets natur, en kamp saa hard som aldri før. Paa den ene side staar pengemakten og det altid urolige menneske, paa den andre side staar selve ensomheten sammenbitt og ser på hvorledes døden langsomt og snikende nærmer sig. Nu, den nakne fjellknaus det mørke tungsindte fjelltjern, og alt det andre «fattige» som vi eier, det begynder nu at faa værdi. Vi begynder å lære og forstaa at vi maa bygge vaart land, ikkje bare med fabrikker, men ogsaa i vor egen bevissthet. For gjør vi ikkje det, blir aldrig Norge vort. Men det er ikkje nok med bevistheten om at vort lands natur maa beskyttes og det skrives om, – vi maa sjølv gjøre kjent med den. Vi maa vandre gjennem naturen,- vi maa lære at holde av vort land.
Først da vil kjennsgjerningen tale.
Søk dit land i dets ensomhet, det har saa meget at fortælle dig.

Dette er tankar som ligg langt føre si tid og vekker ettertanke jamvel i dag.

Halvor og Bjønn Lien dreiv Seljord Hotell i ein tiårs bolk. Dei hadde vore fehandlarar og var godt kjende i bygdene rundt om både, på Vestland og Østland. Dei visste vel å nytte seg av haustvekene med Dyrsku, jakt og fiske.

Ein av dei store fehandlarane tok kvart år inn på Seljord Hotell i Dyrskun. Han kom med eit storslege framlegg. Han meinte alle som hadde salgsdyr kunne drive dei i ei lang rekkje frå Dyrskuplassen og kring Seljord Hotell, så ville han stå på altanen og plukke ut dei dyri han var interessert i for nærare gransking og prisbod. Framlegget hans blei visst aldri prøva, men han fekk tilnamnet « Baronen».

Lien karane kjøpte seg hotellbil og prøva visstnok au å kjøyre rute over Haukelid til Vestlandet på sommarstid.

I 1929 tok Anders Hauen over drifti av Seljord Hotell, og dreiv verksemdi i dei vanskelige åri fram mot andre verdskrig. I Hauen si tid hyste hotellet ein verdskjent person med namn Leo Trotski. Han var fødd i Ukraina og son til ein rik bonde av jødeslekt. Trotski var revlusjonær på linje med Lenin og Stalin, men ikkje einig i tiltak og organisering. Han blei dømt for verksemdi så og forvisa til Sibir, men greide å rømme fleire gonger. Han prøva å skaffe seg opphald her i landet på mystisk måte sommaren 1936 under dekknamnet Leo Sedow.

På grunn av mange eigarar og to brannar er det lite å finne av gjestebøker. Me kan like vel gå ut frå at mange kjende personar har gjesta hotellet. Me har ikkje prov for at Bjørnstjerne Bjørnson heldt til på Seljord Hotell og der møtte eller høyrde om Ingrid Sletten av Sillejord, men i 1930-åri gjesta Theodor Caspari, Herman Wildenvey, Mikel Fønhus og Jakop Sande Bygdi vår ved fleire høve og mange av telemarksmålarane var og innom. Kjende spelemenn og skodespelarar har og vori gjester på Seljord Hotell opp gjennom åri.

Under den siste krigen, var det ei svært vanskeleg tid for hotellet. I 1942 overtok Nasjonal Samlings Hjelpeorganisasjon huset. Tyskerane nytta hotellet til avhør av personar dei hadde mistanke til i samband med flyulykka på Skorve i 1943, under etterrøykingane av hendingane på Hardangervidda og arrestasjonane av heimefrontmedlemer i april 1945.
Etter krigen overtok Telemark Fylke og seinare Seljord kommune hotellet. Det var i den tidi at Seljord Husmorskule nytta hotellbygget. Det var hursmorskulen på søve som blei flytta til Seljord. Hedvig og Nils helgetveit hadde staden eit års tid før Thor Karelsen overtok i 1958.

Soga til Seljord Hotell er både lang, skiftende og fargerik. På stadar der mange folk har hatt tilhald gjennom lange tider, har rare hende og mystiske utsagn lett for å feste seg. Det gjeld særleg gamle hotell-bygg.
Seljord hotell går ikkje fri.
Det er mange soger om uro og rare lydar, fottrin av usynlege og namngjevne rom der sengetøyet ikkje får ligge i ro inni skapi og på sengene.
Sogene gjev staden aura og spaning.

Seljord 5. juni 2007

Sigurd Telnes

Share This